
STEMMEKLANG
Laurdag 1.oktober kl. 18 og 20
Eit rom med ein akustikk som berre må opplevast er utgangspunktet for vokalstykka som vert framført denne kvelden. Verket Tomba Sonora (klangfullt gravkammer) blei urframført i Emanuel Vigelands mausoleum for snart to år sidan og står igjen på programmet denne kvelden saman med urframføringa av Mellom Skyene - et nyskrive verk spesielt for dette rommet. I tillegg vert det improvisasjon frå vokalimpro- trioen LUDO - ein akustisk trio som eksperimenterer med klanglege forhold. Alle stykka nyttar rommets unike klang fullt ut og vekslar mellom å spela på lag med rommet og å utfordra det. Utøvaranes plassering i rommet gjev publikum ei oppleving av lyd på alle kantar og musikken som smeltar saman i ein akustisk surround-effekt!
Utøvarar: Kristin Bolstad, Karoline Dahl Gullberg, Ellen Omdal Milsom, Gabrielle Sørensen og Karoline Rånes Tommelstad.
LUDO: Kristin Bolstad, Thomas Guttormsen og Gabrielle Sørensen
For meir info sjå www.emanuelvigeland.museum.no
Pris kr. 100,- OBS kun 30 billettar pr. konsert!
Billettbestilling til kristin_bolstad@yahoo.no